Tok til tårene

– Unnskyld. Eg har ikkje stemme igjen. For ein draum. For ein draum, seier Kongsvinger-trenar Luis Pimenta til NRK.

– Eg er så stolt av gutta. Vi har jobba så hardt kvar dag. Gutta har hatt trua på at dei kan slå alle, legg han til.

Gledestårene rann då Pimenta sprang ut på bortebanen der Kongsvinger i utgangspunktet skulle vere sjanselause.

Aldri før hadde Strømsgodset tapt ein cupsemifinale før dei møtte laget som i fjor spelte andredivisjonsfotball.

Strømsgodset stilte med sju strake semifinale-sigrar før Kongsvinger møtte til kamp på Marienlyst.

Luis Berkemeier Pimenta, treneren til Kongsvinger, hadde nesten ikke stemme igjen da han ble intervjuet etter kampen. Hør intervjuet her.

MISTA STEMMA: Sjå ein ekstatisk Luis Pimenta i intervju med NRK.

Skuffa Skullerud: – Vi slapp inn billege mål

To gangar sjokkerte gjestene Strømsgodset. Sjokka var nok til å sikre Kongsvingers første cupfinaleplass i klubbhistoria.

– Det er skuffande. Vi starta bra, men klarte aldri å skape nok sjansar. Vi slepp inn ganske billege mål. Det er tungt å svelge, seier Strømsgodset-trenar Tor Ole Skullerud.

Like etter pause kom den første kalddusjen for Strømsgodset.

***55 min: Fredrik Mani Pålerud lurte Godsets offside-felle, dempa framspelet elegant og dunka inn 1-0 aleine med keeper.

Strålende fremspill av Holter og perfekt bevegelse av Pålerud som tar ned ballen bak forsvaret og setter ballen i nota alene med keeper!

1-0: Sjå Pålerud sende Kongsvinger i leiinga.

I mellomtida scora Tokstad for Strømgsgodset, og faren for at raudtrøyene ikkje skulle klare det sensasjonelle var plutseleg tilstades.

Sjå Godset-scoringa her:

Kristoffer Tokstad. Ulland Andersen tar med seg ballen, ganske fri, inn i boksen, hans ender ballen inn før den ender hos Tokstad som får to muligheter. På mulighet nummer to setter han ballen kontant i mål!

1-1: Strømgsgodset utliknar.

– No skal vi ta Rosenborg

***73 min: Ørjan Røyrane er sistemann på ballen etter eit Kongsvinger-frispark, og sendte bortefansen til himmels.

– Det var utruleg deilig. No skal vi ta Rosenborg også, seier matchvinnaren.

Røyranes scoring vil også stå i historiebøkene som målet som sendte Kongsvinger til sin første cupfinale gjennom tidene.

Ørjan Røyrane. Frispark som stusses videre til Ovlien som får ballen inn foran på kloss hold, der står Røyrane som setter den i mål!

2-1: HER SENDER RØYRANE KONGSVINGER TIL CUPFINALE.